John Raustein

Ukoordinerte iakttakelser(vevd sammen av forventninger)2020
foto Øystein Thorvaldsen

Vestlandsutstillingens pris 2021

Vestlandsutstillingens pris
går til John Raustein

Utstillinga vises for tiden på Jugendstilsenteret & KUBE i Ålesund til og med sundag 14. mars
Ope: Onsdag – søndag kl. 11-16
Adr.: Apotekergata 16, 6004 Ålesund


Grunngiving

I 2021 har styret oppretta ein pris med formål om å gjere det meir attraktivt for kunstnarar å søke om deltaking i Vestlandsutstillingen. Prisen blir delt ut av styret til ein kunstnar i utstillinga som utmerker seg med originalitet i idé og utføring av kunstverk.

Premien for 2021 er ei separatvisning som representant for Vestlandsutstillingen på den nyoppretta kunstnarstyrte kunstmessa Juxtapose Art Fair. Messa skal gjennomførast i Århus i Danmark 20. – 22. august 2021, og Vestlandsutstillingen dekkar honorar, frakt, koordinering, opphald og reise for kunstnaren.

Vestlandsutstillingen sin pris i 2021 går til ein debutant i Vestlandsutstillingen, men som likevel er å sjå på som ein godt etablert kunstnar. Verket «Ukoordinerte iakttakelser (vevd sammen av forventninger)» frå 2020 er ein skulptur i stort format, som samlar ulike former og overflater i tekstil. Arbeidet vitnar om nitidig arbeid og sans for komposisjon, i ei samansetjing av runde og spisse, glatte og nuppete tekstile objekt som svevar mellom å likne på konkrete ting og det å trigge undermedvitne erindringar og kroppslege erfaringar av minne ein ikkje visste at ein hadde. Utforminga og materialbruken til verket inviterer til ei intuitiv tolking av skulpturen, som står godt i tråd med ambisjonen til kurator Heidi Bjørgan om å tilnærme seg den sanselege opplevingsverda i den amerikanske regissøren David Lynch si ånd. Den poetiske tittelen fungerer òg som ein inngang til fabulering og sjølvrefleksjon rundt eigne og andre sine forventingar. Med det lukkast verket å treffe betraktaren på eit
personleg plan, samstundes som det er av sterk kunstfagleg kvalitet i både idé og utføring.

Vestlandsutstillingen sin pris går i år til John Raustein (f. 1972). Raustein er fødd i Stavanger og utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (1995 – 2000).

Juryen bestod av Anette Gellein, Sandra Vaka Olsen, Solfrid Otterholm, Trine Røssevold og Maya Økland